Aktuelt

30 år med Putti!

Putti 2021For 30 år sidan starta Jugendteateret med Astrid Overaa i spissen noko som skulle blir den store førjulstradisjonen i Ålesund, oppsettinga av Per Aspelins "Putti Plutti Pott og julenissens skjegg". 

I mange år var Putti spelt på Arbeideren, men dei siste fem åra har arenaen vore Parken kulturhus. Tradisjonen tru fyker billettane ut før Putti får sagt ein - to - tre. Premiera i år er 3. desember, og siste speledag er 9. desember. 

5. desember er det duket for ei heilt spesiell jubileumsforestilling av Putti Plutti Pott. Det blir eit gjensyn med mange kjent og kjære fjes, både frå bybildet og nokre som har markert seg internasjonalt. Men ein ting har de alle felles. Dei starta på Jugenddteateret. På rollelista er m.a. (sjølvsagt) Astrid Overaa, Henriette Marø, Terje Sporsheim, Jan Erik Madsen og Oskar Skulstad

Til toppen