Aktuelt

Ballettskolen feirer 40 år

Anna Skorpen instruerer fordypningselevene RM I år er det 40 år sidan Ålesund ballettskole vart etablert, og det skal sjølvsagt feirast! Det blir stor jubileumsforestilling på Parken kulturhus i november. Fleire tidlegare elevar er inviterte både til å koreografere og danse, og Anna Skorpen er ein av koreografane som bidrar i jubileumsforestillinga.

I 2009 vart ballettskolen innlemma i Ålesund kulturskole, og i dag har vi ca. 335 elevar (og 600 elevplassar) innafor dansetilbodet vårt. Størstedelen av aktivitetane skjer i Vågavegen 27, men vi har også dansetilbod på Ørskog skule.

Til toppen