Aktuelt

Fargespill Ålesund + Ålesund symfoniorkester = sant!

Fargespill 2020Fargespill Ålesund er tilbake, denne gong i samspel med Ålesund symfoniorkester og musikarane Bjørnar Myhr, Audun Skorgen, Miki Campins og Kenneth Ekornes. Musikalsk leiar er Runar Tafjord, som kan love eit rytmisk, variert og fargerikt konsertshow med sjangeroverskridande musikk, song og dans på Parken kulturhus 23. oktober.

Fredag 22. oktober blir Ålesundselevar invitert til tre skoleforestillingar.

Fargespill Ålesund er eit multietnisk kunstnerisk prosjekt for barn og unge med song og dans fra hele verden. Vi har tre grupper, ei barnegruppe, ei ungdomsgruppe og ei dansegruppe, og vi held til på Fellesverket Dragen i Ålesund sentrum. Fargespill Ålesund er organisert i eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Røde Kors.

Til toppen