Nye betalingssatsar frå 1. januar 2022 @Pexels Kommunestyret har vedteke å justere betalingssatsane i kulturskolen frå 1. januar 2022. Etter at satsane har "stått stille" sidan 1.8.20 har satsane no vorte auka med ca. 5 %. Ordningane med søskenmoderasjon og friplassar er vidareført. Kontingenten for ein ordinær elevplass har auka frå kr. 1 750 til kr 1 840 pr. semester, og elevkontingenten for gruppeundervisning er no kr 1 365. Det blir gitt 20 % søskenmoderasjon slik: Den første elevplassen (barn 1) full pris, den/dei neste 20 % redusert kontingent. Det blir gitt søskenmoderasjon på ein kontingent pr. elev. Føresetnaden for å få moderasjon er at elevplassane må vere registrert på same betalar. Sjå fullstendig oversikt over betalingssatsane i kulturskolen her: Framsikt Sist endret 08.02.2022 14.52