Aktuelt

Nytt teatertilbod på Gomerhuset!

GomerteateretKulturskolen startar opp eit teatertilbod for elevar på 5. - 8. trinn i haust. «Gomerteateret» er primært og i første omgang eit tilbod for elevar frå Ørskog, Skodje og Haram.

Vil du vere med? Søk plass via portalen vår: søk plass (vel Teater). 

 Nokre stikkord for Gomerteateret:

  • Målgruppa er primært elevar i 5.- 8. klasse frå Ørskog, Skodje og Haram.
  • Undervisninga foregår i aldersinndelte grupper
  • Kvar gruppe vil ha 60 min. undervisning pr. veke
  • Fast dag er torsdagar, første gong 2. september
  • Innhaldet i undervisninga vil vere opplæring i drama og teaterfag
  • Elevane får bli ein del av ulike produksjonar og framføringar.

Tilbodet er ein del av Ålesund kulturskole og blir leia av teateravdelinga vår

Har du spørsmål om tilbodet kan du sende ein e-post til teaterfagleg leiar Annbjørg Silje Rørvik Skar, Annbjorg.Silje.Rorvik.Skar@alesund.kommune.no.

Til toppen