Skolekonsertturné med Eventyrlege Beethoven

Skolekonsertturné med Eventyrlege Beethoven

I år har Ålesund strykekvartett invitert skodespelar Viggo Solum med på turné. Målgruppa for Eventyrlege Beethoven er elevar på 1. - 4. trinn , og før jul fekk 11 ulike skolar besøk og eit tjuetals konsertar vart gjennomførte. Det blir ein ny skoleturné i løpet av våren.  

Har du høyrt om Ludvig van Beethoven? Han var ein kar med mykje energi, dårleg hørsel og ei ustoppelig trong til å lage musikk. Kva skjer inne i hovudet til ein komponist? Kva tenkjer han på og korleis lagar han musikken han har inne i hovudet? Kom så skal du få bli betre kjend med ein av verdas mest kjende komponistar. Skodespelar Viggo Solum og Ålesund strykekvartett tek deg med på denne eventyrlege reisa.

Til toppen