Aktuelt

Skoleturné med Eventyrlege Beethoven

Magnus Skrede I desse dagar er skodespelar Viggo Solum på turné saman med bymusikantane våre, Ålesund strykekvartett. Målgruppa for Eventyrlege Beethoven er elevar på 1. - 4. trinn , og i første omgang er det elevar frå 11 ulike skolar som får besøk og eit tjuetals konsertar som skal gjennomførast.  

Har du høyrt om Ludvig van Beethoven? Han var ein kar med mykje energi, dårleg hørsel og ei ustoppelig trong til å lage musikk. Kva skjer inne i hovudet til ein komponist? Kva tenkjer han på og korleis lagar han musikken han har inne i hovudet? Kom så skal du få bli betre kjend med ein av verdas mest kjende komponistar. Skodespelar Viggo Solum og Ålesund strykekvartett tek deg med på denne eventyrlege reisa.

Til toppen