Aktuelt

UKM Ålesund 2021

UKM-2021 - Klikk for stort bildeUKM-2021I år laga vi ein storslagen filmproduksjon av alle bidraga på UKM i Ålesund kommune.

Sidan vi dessverre ikkje kan ha tradisjonell avvikling på kvart kulturhus i den nye storkommunen, slik vi eigentleg ønskte, laga vi i år ei innspilling av alt det som foregår under UKM-2021 på Parken kulturhus.

Deltakarane fekk i år moglegheita til å stå på ei stor scene i tillegg til å læra å jobba med eit film-crew. Dette er òg ei veldig god erfaring å ha med seg vidare på den kreative reisa.

Innspeling blei gjort på Parken kulturhus i vinterferien, med strenge smittevernsrutiner. Når filmen er ferdig blir alle deltakarane inviterte til det næraste kulturhuset sitt for ei eksklusiv premierevisning saman med sine føresette.

Til toppen