Gomerteateret har undervisning på Gomerhuset på Skodje, med elevar frå 5.-8. klasse.
Teateraktiviteten starta opp hausten 2021, med målsetting om å nå elevar frå Ørskog, Skodje og Haram.
Undervisninga i teater bygger på ein grunnleggande «plattform»: det skal være ei fagleg utvikling der teateropplæringa utfyller dei grunnleggande elementa. Stikkord er: tryggheit, tore å bli sett og høyrt, samarbeid, fiksjonsbevisstheit, kreativitet, karakterjobbing, tekstarbeid og formidling.
Undervisninga foregår i grupper.
Lærar: Torun Utgård.
Søk om plass
Sist endra 13.08.2025 13.55