Jugendteateret er eit av landets største barne- og ungdomsteatre, og har elevar i aldersgruppa 7-19 år. Undervisninga foregår i grupper som møtast 1-2 timar kvar veke i lokala våre i Parkgata 18 i sentrum, i black box på Kolvikbakken ungdomsskole, eller i sal på musikkskolen.
Vi setter opp Putti Plutti Pott kvar jul, samt fleire mindre produksjonar og oppvisningar, spesielt for dei eldre elevane.
Etter kommunesamanslåinga var det eit mål å få til eit teatertilbod i "indre del" av kommunen, og hausten 2021 vart Gomerteateret ein realitet! Førebels har vi elevar frå 5.-8. trinn som øver på Gomerhuset kvar onsdag.
Hausten 2022 etablerete vi også eit nytt teatertilbod, tilrettelagt teater, som rettar seg mot ungdom med funksjonsnedsetting, som øver på Jugendteateret kvar mandag.
Jugendteateret si foreldreforeining er ein viktig og nødvendig støttespelar for teatertilbodet vårt. Utan foreldre og andre frivillige som stiller opp ville det vere vanskeleg - enn seie umogleg - å gjennomføre prosjekt og framsyningar som til dømes Putti Plutti Pott.
Det aller viktigaste for elevane våre er at Jugendteateret skal vere ein stad dei kjenner seg heime, ein stad som gir tryggleik og bygger tillit. Mange veit ikkje kvifor dei går på Jugendteateret, anna enn at det er sosialt og gøy. For andre er det dette som er meininga med livet, og dei har tidleg ei målsetting med å gå her.
Nokre gongar må du vere heilt fråverande for å vere heilt til stades. Med oss handler leiken om fordjuping, om vi skal prestere vårt beste må vi heile tida definere kva vi held på med.
Sist endra 13.08.2025 14.38