Undervisninga skjer til avtalt tid. Er eleven hindra frå å kome på time, skal skolen/lærer ha melding om dette.
Om lærar er hindra frå å møte, forsøker kulturskolen å skaffe vikar. Om det ikkje går, kan undervisninga bli avlyst. Kulturskolen gir melding om endring/bortfall av undervisning pr. e-post, ev. på SMS om det er akutt.
I tillegg til den faste, regelmessige undervisninga er også deltaking på framsyningar, konsertar og ulike arrangement ein viktig av kulturskoletilbodet.
Elevar som ikkje møter til undervisning, viser manglande interesse og innsats og/eller viser uønska oppførsel kan bli utelukka frå vidare undervisning. I slike tilfelle vil kulturskolen ta initiativ til dialog med elev/føresette.