Leige

Ålesund kulturskole tilbyr sal av undervisnings- og utøvande tenester, og kan leige ut lokale eller utøvarar.

Sal av tenester

Ålesund kulturskule har ei lang rekke ulike samarbeid og driv sal av ulike tenester, som:

  • Undervisning på musikklinja
    Kulturskulen har ansvaret for "instrumentalopplæring" ved Fagerlia vidaregåande skule. Det vil seieundervisning i hovudinstrument, bi- og besifringsinstrument, ensemblespel og kor. Mykje av undervisninga for "musikklinja" føregår på kulturskulen, og salet til vgs. utgjer ca. 4 årsverk.
     
  • Dirigent og instruktør
    Kor og korps erviktige samarbeidspartnarar for kulturskulen. Vi prøver å imøtekomma dei behova som dei frivillige musikklivet har, og følgjeleg finst det eit utal av ulike samarbeidsformer. Nokon kjøper dirigenttenester, medan andre ønsker instruktørhjelp til ulike grupper, t.d. aspirantkorps. Mykje av desse aktivitetane føregår i lokalmiljøet og i dei skulekretsane koret/korpset soknar til.
     
  • Musikar
    Ålesund symfoniorkester kjøper musikartenester av kulturskolen, slik at nokre lærarar har ein utøvande del i stillinga si.

Skular og barnehagar samarbeider òg med kulturskulen, både på fast basis og i meir kortvarige prosjekt

Dette kan du leige frå kulturskulen

 

Pris

Sjå betalingssatsar for Ålesund kulturskule.

Prisar for å leige Ålesund strykekvartett