Ingen endringar i betalingssatsane i 2023!

Ingen endringar i betalingssatsane i 2023!

Mynter og sedler - Klikk for stort bilete @Pexels

Trass stram økonomi har kommunestyret vedtatt å styrke kulturskolen sitt budsjett i 2023. Eit av dei viktigaste tiltaka er at betalingssatsane ikkje blir auka, dvs. dei blir behalde på 2022-nivå.

Det blir innført to søknadsrunder for friplassar, 15. januar i tillegg til 15. september. Også ordninga med søskenmoderasjon blir vidareført.

Kommunestyret i Ålesund har vedteke at Ålesund kommune skal vere vertskommune for kulturskoletilbodet i Haram etter kommunedelinga i 2024. I praksis blir det ein felles kulturskole, slik det har vore sidan 2020, då dei fem kulturskolane i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund vart slått saman i 2020.

 

Vi gratulerer Marie Engebø med Drømmestipendet 2023!

Marie er ein av 50 unge kunstnarar som mottar Drømmestipendet, som blir delt ut av Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd.

Jan Beitohaugen Granli er nytilsett folkemusikklærar i Ålesund kulturskole etter Vidar Underseth. Jan starta i jobben 16. januar, og skal undervise på fele og hardingfele.

I år feirar vi at det er 50 år sidan Ålesund kommunale musikkskole vart etablert. Frå å vere ein rein musikkskole i 1972 har det skjedd ei utvikling der vi i dag også har tilbod innafor dans, teater og visuell kunst. Under kulturskoleparaplyen finn vi også andre aktivitetar som Fargespill Ålesund, sjakk og Ålesund strykekvartett.

Skattekisten er tittelen på årets haustens store danseforestilling. Dette er ein av dei 50 jubileumsarrangementa kulturskolen har i år. Her har dansarane gått i tospann med kunstelevane våre, slik at det blir danseforestilling i storsalen og utstilling med kunstelevane oppe i foajeen.

Det første arrangementet i jubileumsserien er Ålesund symfoniorkester sin konsert med unge solistar søndag 23. oktober, sjølv om vi tjuvstartar litt med Fargespill Ålesund dagen før, 22. oktober. Ei rekkje noverande og tidlegare elevar ved kulturskolen, skal vere med på konserten med ÅSO den 23.

Velkomen til den mest fargerike og energiske opplevinga denne hausten! Laurdag 22. oktober klokka 15.00 og kl. 18.00 står om lag 70 fargespelarar frå 20 ulike nasjonalitetar saman med eit stjernelag av musikarar på scena i Parken kulturhus! 

Ålesund kulturskole har tilbod om sjakkundervisning på kveldstid på Tennfjord skule onsdagar kl. 18.00 - 20.00.

Visste du at kulturskolen har ei friplassordning? Friplass blir tildelt etter søknad, og gjeld for eit skoleår om gangen.

Du kan søkje om friplass ved Ålesund kulturskole når husholdninga si samla netto skattbare inntekt er inntil kr 424 600.

Vi startar opp eit nytt tilrettelagd teatertilbud som rettar seg mot ungdom med funksjonsnedsetting i alderen 13 - 20 år. Øvingane blir på Jugendteateret måndag kl. 17.00 - 18.30. 

Til toppen