Vil du bli elev i Ålesund kulturskole?Har du lyst til å spele eit instrument, synge, danse, teikne, vere med i teater, i kor og korps, møte nye vener - då er Ålesund kulturskole noko for deg! No er vi i straks i gong med å gjere hovudopptaket for komande skoleår, så vil du stå på søkjarlista må du søkje no!Link til søknadsskjema finn du her på heimesida vår.Vi kan ikkje love deg elevplass med ein gong, men vi har nokre disiplinar der det er nokre ledige plassar eller kort venteliste. Kulturskolen har undervisning over heile kommunen, og ventelista varierer også litt frå stad til stad:I Haram har vi ledige plassar m.a. på fiolin, piano, gitar og sjakk!På Harøya har vi ledige plassar m.a. på song, slagverk og piano!I Skodje har vi ledige plassar m.a. på fiolin og piano!I Ørskog har vi ledige plassar m.a. på fiolin, piano, dans og kunstI Ålesund har vi ledige plassar m.a. på fiolin, gitar, bass, song, musikkterapi og dans!Eller kanskje du vil vere med i ungdomsgruppa på Gomerteateret? Har du spørsmål eller treng hjelp til påmelding, kontakt oss gjerne på e-post kulturskolen@alesund.kommune.no eller tlf. 70 16 34 80. Sist endra 15.05.2024 11.01