Ålesund strykekvartett

Ålesund strykekvartett er ein profesjonell strykekvartett med musikarar tilsette i faste stillingar. Kvartetten vart oppretta av Ålesund kommune i 1985. 

Ålesund strykekvartett  - Klikk for stort bileteÅlesund strykekvartett Magnus Skrede

I tillegg til kvartettoppgåvene, som består av eigne konsertar, skolekonsertar, gjestespel og samarbeidsprosjekt, underviser musikarane 30 % stilling kvar ved Ålesund kulturskole. Strykekvartetten er også med som gruppeleiarar i Ålesund symfoniorkester.

Ålesund strykekvartett mottok Ålesund bys kunstnerpris for 2017.

Medlemmer

Ålesund strykekvartett  består av:

  • Ai-Ling Chiu, fiolin, frå Taiwan. Er utdanna ved National Taiwan Academy of Arts, University of Kansas og Högskolan för scen og musik i Göteborg. Har også vore gjestestudent ved Griegakademiet i Bergen. Ho har spelt i Harmonien og ved Den Nationale Scene i Bergen. Ai-Ling har spelt i kvartetten sidan 2004.
     
  • Laurens Weinhold, fiolin, frå Noreg. Han er magister i konsertfag fra Universität für Musik und Darstellende Kunst i Wien. Han har deltatt på ei rekke internasjonale festivalar og vunne solistprisar, m.a. Ungdommens musikkmesterskap og Fjord Cadenza. Laurens begynte i strykekvartetten hausten 2019.
     
  • Linda Bønes, bratsj, frå Noreg. Ho er utdanna ved Griegakademiet i Bergen, og har spelt m.a. i Bergen Unge Kammerorkester, Bergen Music Pool, Cumulus-kvartetten, Harald Hårfagre kammerorkester og Bergen Filharmoniske Orkester (vikar). Linda begynte i kvartetten i 2009.
     
  • Samuel Skrede, cello, frå Noreg. Utdanna ved Griegakademiet i Bergen og ved Guildhall School of Music And Drama i London. Har spelt i kvartetten sidan 2003. Saman med Ai-Ling er Samuel initiativtakar og primus motor for Ålesund kammermusikkfestival.