Ålesund kulturskole har ei rekke opplæringstilbod innan teater, visuell kunst, dans og musikk, hovudsakleg for barn og unge frå 0-19 år. Kulturskolen har også tilbod om tilrettelagt undervisning (musikkterapi) og sjakk, og samarbeider både med skolar, institusjonar og det frivillige kulturlivet om instruktør-, dirigent- og musikartenester.
Fargespill Ålesund og Ålesund strykekvartett er også organisert innafor Ålesund kulturskole.
Mål og visjon
Alle elevar i Ålesund kulturskole skal oppleva gleda av å lykkast! Vår visjon er "Kulturskole for alle".
Kulturskolen skal gi elevar moglegheiter til å:
- Utvikle sine kunstnariske og kreative evner etter eigne føresetnader
- Få ein meningsfull og stimulerande fritidsaktivitet og eit godt grunnlag for eventuell seinare yrkesutdanning
- Utvikle forståing og oppleving av kunst som allmenmenneskeleg uttrykksform
- Utvikle evne til refleksjon og undring
Kulturskolane er eit lovpålagt skoleslag, heimla i Opplæringslova. Kulturskolane har òg ein nasjonal rammeplan kalt Mangfold og fordypning (2016).
Undervisningsstader
Kulturskolen har undervisning ved mange av skolane i kommunen, og alt i alt på vel 35 ulike lokasjonar kvar veke.
Kulturskulen har eigne lokale og følgjande baser:
- Sandøyhagen (Sandøy)
- Gomerhuset (Skodje)
- Ørskog skule (Ørskog)
- Parkgata 18 (teater, Ålesund)
- Vågavegen 27 (dans, Ålesund)
- Borgundvegen 351 (musikk, visuell kunst, Ålesund).
I omtalen av dei ulike opplæringstilboda går det fram kvar undervisninga er.
Historikk - ein ny kulturskole frå 2020
Etter kommunesamanslåinga 1. januar 2020 vart dei fem kulturskolane i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund slått saman til ein kulturskole, Ålesund kulturskole.
Her er et tilbakeblikk på dei gamle kulturskolane: