Gamle Skodje kulturskule

Gamle Skodje kulturskule

Skodje kommune kom i gong med eigen musikk- og kulturskule hausten 1998, administrativt lagt til Skodje barneskule. Første åra var samlokalisering med barneskulen ei utfordring. Det retta seg då Gomerhuset blei bygt i 2010. Kulturskulen fekk eigna rom for undervisning og øving, og tilgang på flott kultursal til konsertar og framføringar.

Første musikkskulelæraren i Skodje kommune var Marc Labruijere. Han blei tilsett i 1995, m.a.o. før etableringa av eigen kulturskule. Marc blei utleigd til Ørskog kulturskule i delar av stillinga si.

Det gode samarbeidet om utveksling av lærar med nabokommunen i aust har vore viktig for å kunne gi breidde i opplæringa.

Tilboda i oppstartsåret var piano, song, keyboard, gitar, fiolin og musikkopplæring for elevar med særlege hjelpebehov, totalt 44 elevar.

I tillegg hadde musikk- og kulturskulen det administrative ansvaret for dirigentane i Skodje skulekorps og Skodje ungdomskorps, og dirigenten og aspirantlæraren for Engesetdal skulekorps.

Basistilboda som er blitt gitt i alle år sidan oppstarten, er piano og song, i tillegg til ulike former for støtte til skulekorps.

Det har også i kortare og lengre periodar vore tilbod om fiolin, gitar, slagverk, kyrkjeorgel, ukulele, trekkspel, dans, drama og teikne-/målekurs.

Tilbod og elevtal har svinga ein del. I eitt av toppåra reint kvantitetsmessig (2007-08) blei det gitt opplæring til 175 elevar i 10 ulike disiplinar. Av desse var det sju instrumentaltilbod med over 100 elevar.

Ved overgong til storkommunen i 2020 var det 75 elevar fordelt på aspirant-, song- og pianoundervisning. To av lærarane har vore med sidan starten; pianolæraren Marc Labruijere og aspirantlærar og korpsdirigent Jan Helge Andreassen. Den tredje var songlærar Maria Hiteva, tilsett i 2013.

Til toppen