Pris og betaling

Satsane for kommunale tenester blir fastsett av kommunestyret, og blir vanlegvis oppdatert pr. 1.1. kvart år. 

Pris

Sjå prisane for Ålesund kulturskole for pris på:

  • Elevplass
  • Instruktør- og dirigentteneste til frivillige lag og organisasjonar
  • Danseundervisning (graderte satsar)

Sjå pris for leige av skolelokale.

Rabattordningar

Søskenmoderasjon

Det blir gitt 20 % søskenmoderasjon slik: Den første elevplassen full pris, dei neste 20 % redusert kontingent.

Det blir gitt søskenmoderasjon for ein kontingent pr. elev. Føresetnaden for å moderasjon er at elevplassane er registrert på same betalar.

Friplassar

Kulturskolen har 15 friplassar. Ein kan søkje om friplass for eitt skoleår om gangen, avgrensa til ein elevplass pr. elev. Søknadsfristen er 15. september eller 15. januar.

Søk om friplass

Betaling

Faktura blir sendt ut to gongar i året, haust og vår.

Som regel må ein betale full kontingent etter oppseiingsfristen/ for påbegynt semester. (Oppseiingsfristane er 1. juni og 1. desember.)

Manglande kontingentbetaling kan føre til at ein mister elevplassen.

Kulturskolen kan avlyse undervisning inntil tre gongar i løpet av eit skoleår. Må skolen avlyse fleire undervisningstimer, vil desse bli erstatta eller deler av kontingenten vil bli refundert.