Gamle Ørskog kulturskule

Kulturskulen i Ørskog vart oppretta i 1994 som ein tradisjonell musikkskule. Etter kvart utvikla skulen seg til å ha eit mangfald av aktivitetar og tilbod.  

Ørskog skule.  - Klikk for stort bileteØrskog skule.Det har heile tida vore eit nært samarbeid mellom kulturskulen og grunnskulen i kommunen. På det meste hadde skulen over 140 elevar med ulike individuelle fag (messingblås, gitar, piano, song og strykarar) og grupper innan formingsfag, dans og teater. Elevane har i hovudsak vore i aldersgruppa frå 6-16 år.

Då Ørskog fekk ny grunnskule i 2018 fekk også kulturskulen eigen avdeling med øvingsrom og tilgang til musikkrom og auditorium/amfi.

Sjølv om kulturskulen  Ørskog ikkje kom på plass før 1994 betyr det ikkje at kommunen var utan tilbod om undervisning på ulike instrument. Asbjørn Søvik var kommunal musikkinstruktør frå siste halvdel av 1960-talet fram til han tok til som lærar i Ørskog musikkskule. Som kommunal musikkinstruktør hadde han oppgåver langt utanfor det som vi no kjenner som Ørskog. 

I 1999 vart namnet endra frå Ørskog musikkskkule til Ørskog kulturskule. Dette opna for å kunne gje tilbod innan andre kulturfag som t.d. dans, forming og teater.

Ein av grunntankane omkring musikkskulen/kulturskulen i Ørskog har vore å ha eit nært samarbeid mellom kulturskulen og skuleverket elles. Mange ulike prosjekt og arbeidsformer har det vore samarbeid om i dei 25 åra fram til  ny kommunesamanslåing. Den erfaringa vi har om samarbeid med grunnskulen, både om ulike prosjekt og om stillingssamarbeid, håper vi å kunne utvikle vidare i Ålesund kulturskole.