Gamle Haram kulturskule

Haram kulturskule vart oppstarta i 1987, då med namnet Haram musikk- og kulturskule. Frå hausten 1998 kom andre kulturfag enn musikk inn i musikk-/kulturskulen.

Den 5.11. 1985 vart det vedteke at Haram kommune skulle starte opp ein eigen musikkskule. Første rektor var Knut G. Flem, tilsett frå 1. mars 1987. Han starta då arbeidet med å byggje opp skulen og tilboda den skulle gi. Før dette hadde kommunen hatt to musikkinstruktørar som køyrde rundt til fleire av bygdene og øyane og dirigerte mange av skulekorpsa i Haram. Dette var Per Sunde og Leiv Staale Aasebø. Dei vart også med over i musikkskulen då denne vart etablert.

Frå hausten -87, kom ein så i gang med instrumentalopplæring og musikkbarnehage, samt tenester til korps og kor (dirigenttenester og aspirantopplæring). 1. januar -92 vart det overordna organet musikkskulestyret nedlagt pga ny, politisk organisering.

I juni 1997 kom lovfesting av kommunalt musikk- og kulturskuletilbod (§ 13-6 i Oppl.lova).

Hausten -98 vart andre kulturfag inkludert i Haram kommunale musikkskule: Teikning/måling, drama og keramikk.

Skuleåra 2000 - 2002 hadde Knut Flem permisjon frå denne rektorjobben, og Hans Peter Neergård vart tilsett i stillinga. K. Flem var rektor igjen frå 2002-2011, og deretter H.P. Neergård frå 2011 og ut 2019, til kommunesamanslåinga med Ålesund.  

Frå hausten 2000 starta skulen med dans, og året etter kom eit kreativt filmtilbod med. Skulen bytta no namn til Haram kulturskule (januar 2001). Frå årsskiftet 2003 vart skulen flytta frå skulesektor til kultursektor.  

På dei 15 første åra dobla tala i rekneskapen seg for kulturskulen. Frå eit budsjett i 1988 på vel 1,2 millionar til over 2 millionar i 2002. Inntektene dobla seg nesten og frå 574.000 til over ein million, og utgiftene gjekk opp frå 680.000 - 1.072.000. Så var også elevtalet kome opp i 250 (inkludert aspirantane) på desse åra. Talet på tilsette (inkludert mange små stillingar) var no oppe i 23. Til saman utgjorde dette ca 6 heile stillingar.

Elevtalet låg i mange år på om lag 230 elevar. Då var det fleire aktive elevgrupper som t.d.  dans, teikning/måling eller andre aktivitetar. Med hovudsakleg individuelle tilbod blir elevtalet ein del lavare. Siste tiåret har dessutan kulturskulane hatt noko mindre tilstrøyming enn åra før, og det vart færre som søkte på desse tilboda i Haram. Siste åra har vi hatt ei gruppe med opplæring i sjakk.

Frå 2016 var elevtalet om lag 170 elevar (50 - 70 korpsaspirantar i tillegg), og undervisninga har vore fordelt på inntil 12 ulike skular og andre lokale i kommunen.

Det har vore tradisjon i Haram at alle elevane i kulturskulen har blitt inviterte til å delta med innslag på konsertar, utstillingar eller framsyningar minst to gonger i året. Dette har gitt 10-12 konsertar kvart år på ulike skular og samfunnshus, både på øyane og fastlandet. I tillegg har mange vore inviterte til å delta på mindre arrangement der lag og foreiningar gjerne ville ha innslag frå kulturskulen.

Den tida kulturskulen hadde dansegrupper og teatertilbod, vart det også sett opp fine musikalar og danseoppvisningar. Elles har kulturskulen jubilert, med større jubileumsprogram både i 1997, 2002, 2007, 2012 (25-årsjubleum) og med miniturne i 2017 (30 år).

Frå januar 2020 vart Haram kulturskule samanslått med Ålesund kulturskole.