Ålesund kulturskole på Nørve.Musikkkolens første leiar var musikksjef Ernst Glaser. Dei første fast tilsette lærarane var (i tillegg til Glaser, som underviste på fiolin):
- Christine Torgersen (fiolin og piano)
- Svein Dyrkorn (fiolin)
- Yngve Espedal (piano og cello)
- Steinar Støen (accordion og piano)
- Arne Sæther (klarinett)
- Kjell Kipperberg (klarinett og piano)
- Synnøve Leirvik (seinare Molnes, musikalsk barnehage, forskole og piano)
I løpet av det første året kom også Arthur Nedregård (sang, orgel og piano). Nemnast må også kontordame Norunn Nedregård og Bjørn Slinning som kom inn som inspektør og seinare rektor.
Etter kvart vart både tilbodet og lærarstaben utvida. Ein milepæl var etableringa av Ålesund strykekvartett i 1985. Forutan utøvande oppgåver som kvartett og gruppeleiarar i Ålesund symfoniorkester, har dei fire musikarane også undervist ved musikk-/kulturskolen.
Hausten 1992 vart det oppretta ei musikkline på Fagerlia vidaregåande skole i nært samarbeid med musikkskolen. Musikkskolen sine lærarar hadde hovudansvaret for instrumentalopplæringa, og undervisninga gikk føre seg i musikkskolen sine lokale. Fagerlia vgs. er den einaste vidaregåande skolen i Møre og Romsdal med 3-årig tilbud innafor alle tre disiplinane, musikk, dans og drama (MDD).
I 1998 vart namnet endra til Ålesund musikk- og kulturskole.
Utgangspunktet for Jugendteateret er Badet fritidsklubb, og på slutten av1980-tallet starta ein gradvis overgang frå fritidsklubb til teater. I mai 1999 vedtok formannskapet å etablere Jugendteateret som et kommunalt barne- og ungdomsteater. Jugendteateret er eit av dei største kommunale barne- og ungdomsteatra i landet, og den årlege oppsetninga av "Putti Plutti Pott og julenissens skjegg" har etter 30 år vorte ein viktig juletradisjon i Ålesund. Jugendteateret held framleis til i dei gamle lokala til Badet i Parkgata 18.
Frå januar 2000 vart det starta opp eit undervisningstilbod i billedspråk ved musikk- og kulturskolen. Undervisninga foregår i skolebygget i Nørvasundet.
I 2004 skjedde ei større omorganisering i kommunen, og Ålesund kulturskole etablert. Musikk- og kulturskolen, som hadde høyrd inn under skoleetaten, og Jugendteateret, Ålesund strykekvartett og Skarbøvik musikkversted, som høyrde inn under kulturetaten, vart samla i ein og same organisasjon.
I 2009 vart Ålesund ballettskole, som hadde vore drive privat sidan oppstarten i 1981, innlemma i Ålesund kulturskole. Ballettskolen hadde tre heiltidstilsette pedagogar, og det vart (blir) undervist i ulike danseformer, ballett, moderne, jazz, hip hop og stepp. Undervisninga er framleis i (leige lokale) i Vågavegen 27.
I 2009 vart Ålesund også vertskommune for to møremusikarar (piano og klarinett). Møremusikarordninga var eit stillingssamarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune fram til 2021. Musikarane hadde både utøvande oppgåver og undervisning. Dei to musikarane hadde base på kulturskolen, med undervisning i 50 % stilling kvar.
Sjølv om kulturskolen har eigne lokale og driv undervisning i tre ”egne” bygninger og baser, foregår det ei utstrakt desentralisert undervisning, dvs. at kulturskolelærarane reiser ut og underviser andre stader i kommunen. (I 2019 hadde kulturskolen undervisning på ca. 25 ulike stader kvar veke.)
Det er i all hovudsak musikkundervisning som foregår desentralisert, noko som m.a. heng saman med kulturskolen sitt tette samarbeid med skolekorpsa i kommunen. Andre samarbeidspartar for kulturskolen er og har vore barnehagar, skolar og SFO, institusjonar, kor, korps og symfoniorkester, andre kulturskolar og andre frivillige og offentlege instansar.
Ved utgangen av 2019 hadde Ålesund kulturskole 1 094 elevar og 1 532 elevplassar, fordelte slik: musikk: 777, visuelle kunstfag: 34, teater: 149 og dans: 572. Skolen hadde 44 tilsette lærarar, og ein administrasjon beståande av sekretærar, fire fagleiarar (i kombinerte stillingar) og ein verksemdsleiar, med i alt ca. 35 årsverk.