Puls

Puls 5/5 er ei møterekke for, av og med kunst- og kulturlivet i Ålesund + gjestar. Samling 2, 10. oktober, set fokus på kulturfrivilligheit; kva er føresetnadene for å lykkast med kulturfrivilligheit over tid?

  • Kva skal til for at vi skal vere ein kommune med eit robust og blomstrande kulturliv? 
  • Kva for aktørar må vi styrke?
  • Kan dei ulike fagområda i kunst-  og kulturlivet styrke hverandre, og kan vi eige problemstillingane på tvers av virke? 

Påmelding

Ålesund kommune skal gjennomføre ein serie med nettverksamlingar for, av og med kulturlivet i kommunen vår. Vi vil ta for oss fem ulike tema på fem ulike samlingar der vi hentar både lokale og eksterne perspektiv, i tillegg til å køyre innspelsrundar rundt tematikkene vi løfter fram. Dette vil vere med på å bygge opp under ny metodikk for stad - og tenesteutvikling der kunst, kunstnarar og kultur skal ha ei sentral rolle. Utfallet av samlingene dannar kunnskapsgrunnlag for vidare planarbeid i kommunen.

Målet er at vi saman skal bygge innsikt og forståing for dei ulike fagområda, og at vi saman kan eige utfordringane kulturlivet står ovanfor.