Korleis gjere det amazing å vere ung på Skodje?

Ungdom i samtale - Klikk for stort bilete

Det er mange gode tilbod for ungdommar på Skodje. Det er likevel ikkje sjølvsagt at alle finn ein møteplass og eit miljø der dei trivst. Vi trur at ungdommar kan ha stor innverknad på dette sjølv, men at dei i mange tilfelle treng støtte frå vaksne. Vi som jobbar i Ålesund kommune med tilbod på Skodje vil gjerne møtast, på tvers av aldrar og bakgrunn, for å utforske kva vi kan få til saman.

Vi inviterer alle som er opptekne av eit godt ungdomsmiljø på Skodje til eit dialogmøte på Gomerhuset. Ungdommar, foreldre, leiarar i ulike ungdomstilbod, tilsette i kommunen, engasjerte støttespelarar, politikarar. Det som gjeld er at du brenn for eit godt ungdomsmiljø i lokalsamfunnet ditt.

Tid og stad: Gomerhuset torsdag 21. september kl. 17.00 - 20.00. (Det blir servert pizza frå kl. 16.30.)