Ålesund strykekvartett tar på seg ulike speleoppdrag og prosjekt, som kvartett åleine og saman med andre, både i Ålesund, men også rundt omkring i fylket.
Kvartetten har til dømes vore med på oppsetningar saman med songarar og kor, orkestre og kammerensemble, spelt saman med artistar som Hilde Marie Kjersem, Solveig Slettahjell og Egil Olsen og hatt ein rekkje oppdrag ved alt frå seniorfestivalar til utstillingsopningar til store landskonferansar.
Ålesund strykekvartett er "husorkester" og deltar på ei rekkje arrangement og konsertar under Ålesund kammermusikkfestival.
Sjå pris for leige av Ålesund strykekvartett.
Har du spørsmål eller ønsker å leige kvartetten, send e-post til strykekvartetten@alesund.kommune.no.