Om opptak og retningslinjerVelkommen som elev i Ålesund kulturskole. Kort fortalt Du kan søke om elevplass i kulturskolen gjennom heile året. Søk plass her Står du på venteliste, må du bekrefte innan 1. juni om du fortsatt ønsker å stå som søkjar. Opptak Hovudopptaket blir gjennomført i juni - august kvart år Rektor (verksemdsleiar) har ansvar for opptaket Søkjaren skal få skriftleg tilbakemelding ved tildeling av elevplass Søkjarar som ikkje får plass ved hovudopptaket blir sett på venteliste Søkjarar på venteliste får tilbod om plass når det vert ledige plassar. Prioriteringa skjer etter søkjarliste, alder og undervisningsstad Søkjarar med spesielle behov og søkjarar med ansiennitet frå andre kulturskular kan prioriterast etter søknad Venteliste Søkjarar som ikkje har fått plass i løpet av året, må fornye søknaden (re-registrere seg) innan 1. juni om dei framleis vil stå på ventelista. Søknad og re-registrering skjer elektronisk. Logg inn via kulturskolen si heimeside, alesundkulturskole.no Dersom ein elev ønsker å bytte disiplin eller instrument må det søkast om det og blir registrert som eit nytt fag. Frammøte Undervisninga skjer til avtalt tid. Er eleven hindra frå å kome på time, skal skolen/lærer ha melding om dette. Om lærar er hindra frå å møte, forsøker kulturskolen å skaffe vikar. Om det ikkje går, kan undervisninga bli avlyst. Kulturskolen gir melding om endring/bortfall av undervisning pr. e-post, ev. på SMS om det er akutt. I tillegg til den faste, regelmessige undervisninga er også deltaking på framsyningar, konsertar og ulike arrangement ein viktig av kulturskoletilbodet. Elevar som ikkje møter til undervisning, viser manglande interesse og innsats og/eller viser uønska oppførsel kan bli utelukka frå vidare undervisning. I slike tilfelle vil kulturskolen ta initiativ til dialog med elev/føresette. Betaling Betalingssatsane blir vedtekne av Ålesund kommunestyre, og blir vanlegvis justerte pr. 1.1. kvart år. Kulturskolen har også 15 friplassar. Ein kan søkje friplass for eitt skoleår, avgrensa til ein elevplass pr. elev, og søknadsfristen er 15. september eller 15. januar (får vårsemesteret). Kulturskolen har også søskenmoderasjon. Som hovudregel må ein betale full kontingent etter oppseiingsfristen/for påbegynt semester. Kontingentkrav blir som hovudregel sendt ut kvart semester (halvår). Manglande kontingentbetaling kan føre til at en mister elevplassen. Kulturskolen kan avlyse undervisning inntil tre gongar i løpet av eit skoleår. Må skolen avlyse fleire undervisningstimer, vil disse bli erstatta eller deler av kontingenten vil bli refundert. Utmelding Elevar får behalde plassen i kulturskolen inntil han blir sagt opp eller blir avslutta t.d. ved oppnådd øvre aldersgrense for tilbodet. (Som hovudregel kan ein elev behalde plassen sin til han/ho er ferdig med vidaregåande skole. Det finst nokre unnatak, m.a. vaksendans og musikkterapitilbod.) Utmelding skal skje skriftlig, elektronisk via SpeedAdmin eller pr. e-post til kulturskolen@alesund.kommune.no. Ein elevplass er i utgangspunktet bindande for eitt skoleår, og fristen for oppseiing av elevplass er 1. juni. Er det likevel aktuelt å slutte i løpet av året, er 1. desember oppseiingsfristen for vårhalvåret. Informasjon heim – skole Sjølv om kulturskolen er eit fritidstilbod er kulturskolen ein skole. Kontakten mellom skole og heim er viktig også her. Føresette/elevar blir m.a. invitert til utviklingssamtalar. Informasjon mellom skole og heim skjer primært via e-post og SMS. Det er difor avgjerande viktig at kulturskolen alltid har oppdatert e-postadresse og telefonnummer til føresette og ev. elever. Kulturskolen bruker programmet SpeedAdmin. Last gjerne ned Appen; her finn de t.d. timeplanar, informasjon og lekser. Foreldre/føresette er viktige samarbeidspartnarar m.a. for gjennomføring mange av prosjekta og framsyningane som blir sette opp. Innafor teater og dans er det eigne foreldreforeiningar. Forventningar Kva kan du forventa av oss Du kan forvente at: undervisning med kvalifiserte lærarar eleven blir møtt med omsorg og respekt eleven får eit opplæringstilbod, enten åleine eller i gruppe, etter avtalt plan undervisninga følgjer skoleruta føresette får tilbod om foreldresamtale vi strekker oss langt for å halde alle avtalar. Dersom det blir endringar i forhold til plan, gir vi beskjed alle elevar får tilbod om å delta på konsertar, framsyningar, utstillingar osv. Kva forventar vi av deg Vi forventar at du som elev: er positiv og open for å lære og deltar aktivt i undervisningsopplegget møter førebudd og i rett tid til undervisninga gir beskjed ved fråvær Vi forventar at føresette: oppmuntrar og støttar eleven kjøper nødvendig utstyr, noter osv. etter avtale med læraren gir nødvendig informasjon om eleven og held kontakt med læraren melder frå dersom eleven må vere borte frå undervisninga, om mogleg dagen før Sist endra 17.01.2023 15.05