Praktisk informasjon til elevar

Det er stor breidde i dei ulike tilboda i kulturskolen og difor vanskeleg å lage ei uttømmande liste med praktisk informasjon. Vi tar opp noko her, men ta gjerne kontakt med oss - eller læraren, dersom du har spørsmål du ikkje får svar på eller trenger meir detaljert informasjon enn det du finn her.

Skoleåret

Undervisninga i kulturskolen følger skoleåret og kommunen si skolerute.

Lærebøker, undervisningsmateriell m.m.

Musikk-, danse- og teaterelevar må pårekne utgifter t.d. til notar, lærebøker, danseklær og kostymer i tillegg til kontingenten.

Med unnatak av form & farge og kulturkarusell, betalar elevar på visuell kunst ein tilleggskontingent for materiell.

Instrument

Kulturskolen har strykeinstrument i små størrelsar til leige, og skolekorpsa stiller korpsinstrument til disposisjon for sine musikantar. Ut over dette er det forventa at elevane disponerer instrument sjølve.

Forestillingar, konsertar o.a. arrangement

Som ein del av og i tillegg til den faste, regelmessige undervisninga er deltaking på forestillingar, konsertar, utstillingar, arrangement osv. ein viktig av kulturskoletilbodet. Å bli trygg og delta i ein formidlingssituasjon er også ein del av undervisninga. 

Eksamen - dans

Undervisninga innafor klassisk ballett, moderne og stepp følger gradsystem (RAD, Royal Academy of Dance og ISTD, Imperial Society of Teachers of Dancing), som blir brukt verda over for å sikre kvalitet i danseundervisninga. Elevane får tilbod om eksamen, som ein moglegheit og eit mål å jobbe mot. Det er valfritt å ta eksamen.