Klassisk ballett er dansesjangeren du ser i ballettar som Svanesjøen og Nøtteknekkeren, og er grunleggande for all anna trening innan scenedans. I undervisninga blir det jobba med med kroppsposisjonar, fotarbeid, bevegelsar, koordinasjon, fleksibilitet og styrke. Klassene eignar seg for både gutar og jenter!
Vi følgjer RAD-systemet, Royal Academy of Dance, eit gradsystem, som blir brukt verda over for å sikre kvalitet i undervisninga. Vi tilbyr også eksamen, som ein moglegheit og eit mål å jobbe mot. Det er valfritt å ta eksamen.
Elevene er med på minst to forestillinger i løpet av skoleåret: den store haustforestillinga på Parken Kulturhus og ein mindre presentasjon i mai månad.
Barnedans
Eit introduksjonstilbud for dei minste barna, som kan begynne det året dei fyller 4 år. Barna må ha følgje med ein vaksen i timane. Undervisninga inneheld mykje rytme, leik og fantasi, og dei vaksne bruker å ha det nesten like gøy som barna! (Barnedanselevane deltar ikkje på haustforestillinga, men av og til på sommarforestillinga.)
Knøtteballett
Undervisninga har utgangspunkt i klassisk ballett, men her er det leik, fantasi og rytme som står i fokus. Elevar kan begynne med knøttedans det året dei fyller 5 år.
Begynner ballett til grad 8
Fra knøttedans går elevane vidare til begynner ballett, som er det siste introdusjonstrinnet. Den første graden heiter Pre Primary, den neste Primary, deretter grad 1 til 8. Frå dei enkle, naturlege bevegelsane elevane begynnar med i Pre Primary til grad 8 eksamen, som solo ballettdansar.
Fordjupning
Eit tilbod for vidarekomne elevar som ønsker å satse på dans (sjå eige fag for påmelding).