Litt om dansetilbodet vårtKulturskolen tilbyr i dag danseundervisning to stadar i kommunen, på Ørskog skule og i Vågavegen 27 (Fagerlia). Undervisninga foregår i grupper, og tilbodet femner vidt, både når det gjelder alder (4 - 75 år) og stilarter, alt frå klassisk ballett til hip hop, jazz, moderne og stepp.Ålesund ballettskole, som har vore ein viktig del av Ålesunds kulturliv sidan stiftinga i 1981, vart innlemma i Ålesund kulturskole i 2009.Danseelevane er med på minst to forestillinger i løpet av skoleåret: den store haustforestillinga på Parken kulturhus og ein mindre presentasjon i mai månad.Foreldrestyret er ein viktig og nødvendig støttespelar for dansetilbodet vårt. Utan foreldre og andre frivillige hjelparar som stiller opp ville det vere vanskeleg - enn seie umogleg, å gjennomføre prosjekt og framsyningar som t.d. dei store haustforestillingane. I ballett, moderne og stepp følgjer undervisninga to ulike gradsystem, RAD (Royal Academy of Dance) og ISTD (Imperial Society of Teachers of Dancing), som blir brukt verda over for å sikre kvalitet i undervisninga. Vi tilbyr også eksamen, som ein moglegheit og eit mål å jobbe mot for elevane. Det er valfritt å ta eksamen. Danseelevane treng klede der dei kan bevege seg fritt. I i nokre av faga/gruppene må ein pårekne å kjøpe danseuniformer som t.d. svart drakt, tights eller steppesko. Sist endra 12.12.2023 14.56