Dans-Moderne

Moderne er ei blanding av klassisk teknikk med jazzdans. Moderne danner grunnlaget for showdans, men tar også element frå samtidsdans. I undervisninga jobbar vi med med kroppsposisjonar, fotarbeid, koordinasjon, fleksibilitet og styrke. Her er mindre fokus på teknikk enn i klassisk, og bevegelsane er gjerne litt "friare" og ein kan setje sitt eige utrykk på dansen. 

Elevene kan begynne med moderne det året dei fyller 7 år, og eignar seg for både gutar og jenter. 

Vi følger ISTD-systemet (Imperial Society of Teachers of Dancing), eit gradsystem, som blir brukt verda over for å sikre kvalitet i danseundervisninga. Vi tilbyr også eksamen, som ein moglegheit og eit mål å jobbe mot. Det er valfritt å ta eksamen.

Elevene er med på minst to forestillingar i løpet av skoleåret: den store haustforestillinga på Parken Kulturhus og ein mindre presentasjon i mai månad.

Lærarar