Gomerteateret held til på Gomerhuset på Skodje. Skuleåret 2026-2027 har Gomerteateret ei barneskulegruppe med øving kvar mandag.
Vilde Traagstad
Undervisninga i teater bygger på ein «plattform»: det skal være ei fagleg utvikling der teateropplæringa utfyller dei grunnleggande elementa. Stikkord er: tryggheit, tore å bli sett og høyrt, samarbeid, fiksjonsbevisstheit, kreativitet, karakterjobbing, tekstarbeid og formidling.
Undervisninga foregår i grupper.

Lærar: Karen Emilie Nes
Søk om plass
Sist endra 04.09.2026 09.56