Visuell kunst Ålesund

Likar du å være kreativ?

Eske med fargekritt på tegnebord - Klikk for stort bilete Vilde Traagstad

Visuell kunst er eit tilbod i formingsfaget. Undervisninga går føre seg i grupper og vi held til i kulturskolen sine lokaler, i Larsgårdsveien 6. Tilbodet foregår i aldersinndelte grupper, frå 10 år og oppover. 

Vi jobbar med ulike teknikkar innan form og farge. Her kan du være med å forme kva du vil jobbe med innan teikning, maling, leire og fleire andre greiner innan kunstfaget. 

Lærer: Cecilie Eidskrem

Portrett av kvinne - Klikk for stort bilete

Søk plass