Prosjektet skal ende opp i eit monologarrangement laga av, med og for ungdom. Her blir det kunstutstilling, monologforestilling og ettersnakk - ein heilaftan, rett og slett!
Hausten 2025 var ungdom på monologskrivingskurs og skreiv fleire fine tekstar som no skal bli både visuell kunst og framført på scene. Dei har skrive tekstar om mellom anna korleis det er å være ungdom, frykta for krig og kor mykje ein eigentleg berre vil legge seg ned og scrolle litt.
No når monologane er ferdig skrive, arbeidar elevar innan visuell kunst med å visualisere tekstane med blyant og pensel, medan skodespelarar er på fordjupingskurs i teknikk, og skal stå på scena. Det blir så spennande å sjå kva resultatet blir!
Meir info om arrangementet kjem.
Fordjupningskursa innan skodespelarteknikk og monologskriving er knytta til Kulturmosaikk, eit fellesprosjekt mellom kulturskolane på Sunnmøre, Ålesund VGS, Volda VGS og Høgskulen i Volda.