Jubileumskonsert med unge solistar!

Det første arrangementet i jubileumsserien er Ålesund symfoniorkester sin konsert med unge solistar søndag 23. oktober, sjølv om vi tjuvstartar litt med Fargespill Ålesund dagen før, 22. oktober. Ei rekkje noverande og tidlegare elevar ved kulturskolen, skal vere med på konserten med ÅSO den 23.

Dei unge solistane er: Abigel Kincses, Henrik Fuglseth Simonsen, Ida Bjørdal Rønnestad, Jakob Sewerin, Josef Nedregård, Julia Aas Vattøy, Kristiane Borgund, Kristoffer Jenssen, Lars Elias Rønneberg, Sara Baier Evensen, Vilde Kristine Larsen, Rythm & Horns og Indre Strøk strykeorkester.

Konserten blir leia av dirigent Stian Svendsen, og med Grethe Kielland, musikkfagleg leiar i kulturskolen, som konferansier.