Jubileumssesongen er i gang!

I år feirar vi at det er 50 år sidan Ålesund kommunale musikkskole vart etablert. Frå å vere ein rein musikkskole i 1972 har det skjedd ei utvikling der vi i dag også har tilbod innafor dans, teater og visuell kunst. Under kulturskoleparaplyen finn vi også andre aktivitetar som Fargespill Ålesund, sjakk og Ålesund strykekvartett.

Medan vi for ti år sidan markerte jubileet med bestillingsverk og ein stor felleskonsert i lag med Brazz Brothers, vel vi i år å synleggjere aktivitetane og breidda i kulturskoletilbodet gjennom ein serie arrangement gjennom året. 50 år, 50 arrangement.