Velkomen til vår nye folkemusikklærar!

portrett av mann med hardingfeler - Klikk for stort bilete

Jan Beitohaugen Granli er nytilsett folkemusikklærar i Ålesund kulturskole etter Vidar Underseth. Jan starta i jobben 16. januar, og skal undervise på fele og hardingfele.

Jan Beitohaugen Granli er frå Øystre Slidre i Valdres, og har utdanninga si frå Folkemusikkstudiet i Rauland og Ole Bull Akademiet. Han er kjent som ein framifrå dansespelemann og også har vore ein aktiv kappleiksspelemann. Han har mange gode plasseringar å vise til, og har m.a. vunne landskappleiken seks gonger og fekk kongepokal i 2002. Han fekk kulturprisen frå Øystre Slidre kommune i 2021. Jan har vore frilansmusikar og kulturskolelærar i Valdres fram til no. I tillegg til undervisning i hardingfelespel har han undervist i munnharpe og halling.

Vidar og Jan kjenner kvarandre godt frå før, og vi har godt håp om at dei to skal sørge for ein god overgang når Jan no skal overta ansvaret for folkemusikkundervisninga i Ålesund kulturskole.