Vertskommunesamarbeid om kulturskole etter kommunedelinga!Kommunestyret i Ålesund har vedteke at Ålesund kommune skal vere vertskommune for kulturskoletilbodet i Haram etter kommunedelinga i 2024. I praksis blir det ein felles kulturskole, slik det har vore sidan 2020, då dei fem kulturskolane i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund vart slått saman i 2020. Kulturskolen har i dag ca. 1 470 elevar og 2 030 elevplassar. I tillegg til dei individuelle elevane har kulturskolen eit utstrekt samarbeid om undervisnings-, musikar- og dirigenttenester til skolar, institusjonar og det frivillige kulturlivet, inkludert alle dei 22 skolekorpsa i kommunen. Kulturskolen har i dag nærare 70 tilsette fordelt på ca. 46 årsverk, og har undervisning på ca. 35 ulike lokasjonar over heile kommunen kvar veke. Sist endra 24.03.2023 14.22