Ålesund er den største i fylket med nær 1 500 elevar, over 2 000 elevplassar og ca. 70 tilsette. I tillegg samarbeider vi med skolar, institusjonar og det frivillige kulturlivet, m.a. dei 21 skolekorpsa i kommunen, om instruktør-, musikar- og dirigenttenester. Ålesund er også vertskommune for kulturskoletilbodet i Haram.
Ålesund kulturskole har ei rekke opplæringstilbod innan teater, visuell kunst, dans og musikk, hovudsakleg for barn og unge frå 0-19 år. Kulturskolen har også tilbod om tilrettelagt undervisning (musikkterapi) og sjakk, og samarbeider både med skolar, institusjonar og det frivillige kulturlivet om instruktør-, dirigent- og musikartenester.
Fargespill Ålesund og Ålesund strykekvartett er også organisert innafor Ålesund kulturskole.
Mål og visjon
Alle elevar i Ålesund kulturskole skal oppleva gleda av å lykkast! Vår visjon er "Kulturskole for alle".
Kulturskolen skal gi elevar moglegheiter til å:
- Utvikle sine kunstnariske og kreative evner etter eigne føresetnader
- Få ein meningsfull og stimulerande fritidsaktivitet og eit godt grunnlag for eventuell seinare yrkesutdanning
- Utvikle forståing og oppleving av kunst som allmenmenneskeleg uttrykksform
- Utvikle evne til refleksjon og undring
Kulturskolane er eit lovpålagt skoleslag, heimla i Opplæringslova. Kulturskolane har òg ein nasjonal rammeplan kalt Mangfold og fordypning (2016).
Undervisningsstader
Kulturskolen har undervisning ved mange av skolane i kommunen, og alt i alt på vel 35 ulike lokasjonar kvar veke.
Kulturskulen har eigne lokale og følgjande baser:
- Sandøyhagen (Sandøy)
- Gomerhuset (Skodje)
- Ørskog skule (Ørskog)
- Parkgata 18 (teater, Ålesund)
- Vågavegen 27 (dans, Ålesund)
- Borgundvegen 351 (musikk, visuell kunst, Ålesund).
I omtalen av dei ulike opplæringstilboda går det fram kvar undervisninga er.
Historikk - kommunesamanslåing og -deling, ein ny kulturskole frå 2020
Etter kommunesamanslåinga 1. januar 2020 vart dei fem kulturskolane i Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund slått saman til ein kulturskole, Ålesund kulturskole.
1.1.2024 vart Haram igjen skilt ut som eiga kommune. Ålesund har inngått ein vertskommuneavtale med Haram kommune, dvs. at dei to kommunane har ein felles kulturskole også etter kommunedelinga.
Her er et tilbakeblikk på dei gamle kulturskolane: