El.bass


Bassgitar, også kalt elektrisk bass, el-bass eller berre bass, er eit strengeinstrument. Han minner om ein lang elektrisk gitar med tjukkare, og vanlegvis færre strengar. På ein firestrengs bass, som er det vanlegaste, er strengane stemt i E, A, D og G. 

Det finnes to grunntypar el-bass, bandbass og bandlaus (på engelsk: fretless). "Bandet" er metallet som ligg på tvers av halsen, og kvart band gir ein halv tone høgare/lysare, slik som det er på gitarane. Ein fretlessbass har ingen band, men i staden ein glatt hals på same måte som kontrabass eller fiolin. Denne bassvarianten krev meir presisjon for å få ein rein tone.

Lærarar