Om teatertilbodet vårt

Jugendteateret er eit av landets største barne og ungdomsteatre, og har elevar i aldersgruppa 7 - 19 år. Undervisninga foregår i grupper, som møtest 1 - 1 1/2 time kvar veke i lokala våre i Parkgata 18 (gamle Badet Fritidsklubb) i sentrum.

Vi set opp to store produksjonar i året, ein til jul (Putti Plutti Pott) og ein i vårsemesteret. I tillegg har vi fleire mindre produksjonar og oppvisningar, spesielt for dei eldre elevane.

Etter kommunesamanslåinga var det eit mål å få til eit teatertilbod nr. 2 i "indre del" av kommunen, og hausten 2021 vart Gomerteateret ein realitet! Førebels har vi to grupper (elevar frå 5. - 7. trinn og ei for ungdomstrinnet/eldre) på Gomerhuset kvar torsdag. 

Hausten 2022 etablerer vi eit nytt teatertilbod, tilrettelagt teater, som rettar seg mot ungdom med funksjonsnedsetting i alderen 13 - 20 år. Øvingane er på Jugendteateret måndag kl. 17.00 - 18.30

Jugendteaterets foreldreforening er ein viktig og nødvendig støttespelar for teatertilbodet vårt. Utan foreldre og andre frivillige hjelparar som stiller opp ville det vere vanskeleg - enn seie umogleg, å gjennomføre prosjekt og framsyningar som t.d. Putti. 

Det aller viktigaste for medlemane våre er at Jugendteateret skal vere ein stad dei kjenner seg heime, ein stad som minner om tryggheit, tillit og nærvær. Mange veit ikke kvifor dei går på Jugendteateret, anna at det er sosialt og gøy. For andre er det dette som er meininga med livet, og dei har tidleg ei målsetting med å gå her.

Nokre gongar må du vere heilt fråverande for å vere heilt til stades. Med oss handler leiken om fordjuping, om vi skal prestere vårt beste må vi heile tida definere kva vi held på med.