Ingen endringar i betalingssatsane i 2023!

Mynter og sedler - Klikk for stort bilete @Pexels

Trass stram økonomi har kommunestyret vedtatt å styrke kulturskolen sitt budsjett i 2023. Eit av dei viktigaste tiltaka er at betalingssatsane ikkje blir auka, dvs. dei blir behalde på 2022-nivå.

Det blir innført to søknadsrunder for friplassar, 15. januar i tillegg til 15. september. Også ordninga med søskenmoderasjon blir vidareført.

Kontingenten for ein ordinær elevplass er kr 1 840 pr. semester, og kontingenten for gruppeundervisning er kr 1 365.

Det blir gitt 20 % søskenmoderasjon slik: Den første elevplassen (barn 1) full pris, den/dei neste 20 % redusert kontingent. Det blir gitt søskenmoderasjon på ein kontingent pr. elev. Føresetnaden for å få moderasjon er at elevplassane må vere registrert på same betalar. 

Sjå fullstendig oversikt over betalingssatsane i kulturskolen her: Framsikt

Artikkelliste

Viser 1-10 av 22 artikler, side 1 av 3